Munnlege Floraminne

Prosjektet munnlege Floraminne (Flora.memoar.no) starta 9. og 10. november 2018, under eit kurs som Flora Historielag arrangerte i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Kurset var ein del av serien Krafttak for munnleg historie, og vart leia av Memoar og Norsk etnologisk gransking.  

Det fyrste som kjem til å henda på denne nettsida, er at dei intervjua som vart gjort under krafttaket, vil bli dokumenterte og - vonaleg - publiserte på denne sida. Me ynskjer at både profesjonelle og frivillige aktørar skal samarbeida om intervjuopptak, etterarbeid (dokumentasjon og redigering), arkivering og ulike former for formidling.
På undersida Dugnad finst informasjon om korleis ein kan bli med i arbeidet.  

Flora Historielag og Memoar vil forsøka å få dette inn i ei prosjektform som også kan utløysa litt midler til å få gjort eit godt og varig arbeid.  I oppbyggingsfasen vil denne nettsida fungera som ein open prosjektweb, og alle som ynskjer å "kika oss i korta" er velkomne til det - og endå meir velkomne til å bli med i arbeidet!

Reidar Brandsberg - leiar i Flora Historielag - opnar oppstartseminaret 9. november 2018

Dei fyrste intervjua som vart gjort var desse:  

Forteljarar i Flora

  • Edith Bjørg Bjørnseth Edith vart intervjua av Bjørn Enes  på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om hennar erfaringar frå utviklinga av datateknologien. Den starta med teoretisk opplæring ...
    Lagt inn 22. nov. 2018, 02:51 av Bjørn Enes
  • Målfrid Ottosen Målfrid Ottosen  vart intervjua heime hos seg sjølv av Bjørn Enes fredag 9.. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om barndomsopplevingar under krigen og dei tidlege etterkrigsåra. Intervjuet skal ...
    Lagt inn 12. nov. 2018, 03:27 av Bjørn Enes
  • Bjarte Sindre Bjarte Sindre vart intervjua av Bjørn Enes  på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om barndomsopplevingar under krigen og dei tidlege etterkrigsåra. Men me rakk ...
    Lagt inn 22. nov. 2018, 04:09 av Bjørn Enes
  • Svein Kåre Langøy Svein vart intervjua på Flora Kystmuseum laurdag 10. nevember 2018.  Samtalen handla i hovudsak om livet på øyane i banrdoms- og ungdomstid, livet til sjøs og arbeidet på oljebasen i ...
    Lagt inn 14. nov. 2018, 14:36 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 4 av 4. Vis mer »

Comments