Forteljarane

Prosjektet munnlege Floraminne (Flora.memoar.no) starta 9. og 10. november 2018, under eit kurs som Flora Historielag arrangerte i samarbeid med Flora Kystmuseum. Kurset var ein del av serien Krafttak for munnleg historie, og vart leia av Memoar og Norsk etnologisk gransking.  

Det fyrste som kjem til å henda på denne nettsida, er at dei intervjua som vart gjort under krafttaket, vil bli dokumenterte og - vonaleg - publiserte på denne sida. Me ynskjer at både profesjonelle og frivillige aktørar skl samarbeida om intervjuopptak, etterarbeid (dokumentasjon og redigering), arkivering og ulike former for formidling. 

Flora Historielag og memoar vil forsøka å få dette inn i ei prosjektform som også kan utløysa litt midler til å få gjort eit godt og varig arbeid.  I oppbyggingsfasen vil denne nettwida fungera som ein open prosjektweb, og alle som ynskjer å "kika oss i korta" er velkomne til det - og endå meir velkomne til å bli med i arbeidet!

Dei fyrste intervjua som vart gjort var desse:  

Edith Bjørg Bjørnseth

lagt inn 13. nov. 2018, 11:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 22. nov. 2018, 02:51 ]

Edith vart intervjua av Bjørn Enes  på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om hennar erfaringar frå utviklinga av datateknologien. Den starta med teoretisk opplæring om elektronisk databehandling på handelsskulen på Voss tidleg på 1970-talet, lenge før nokre av elevane der hadde sett ein datamaskin. Sia var ho med gjennom alle "datagenerasjonane"  fram til ho avslutta arbeidslivet sitt for Statoil på oljebasen i Florø i 2010. 

Intervjuet skal no dokumenterast, slik at innhaldet blir tilnærma søkbart. Det vil vera til stor hjelp dersom nokon kan hjelpa til med det - sjå her om korleis det kan gjerast.
 
Straks det er ferdig dokumentert, vil det også bli lasta opp til Minner.no/Tema/Memoarer 

Edith Bjørg Bjørnseth:

Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet. 
Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste 
eller ein serie kortsetningar som beskriv kva Edith fortel om, omlag minutt for minutt. 

Ta kontakt med Edith eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette, 
Då får du passordet til videoen. 
Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.
Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt. 

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.  

Målfrid Ottosen

lagt inn 12. nov. 2018, 03:27 av Bjørn Enes

Målfrid Ottosen  vart intervjua heime hos seg sjølv av Bjørn Enes fredag 9.. november 2018. 
Intervjuet handla i stor grad om barndomsopplevingar under krigen og dei tidlege etterkrigsåra. 
Intervjuet skal no dokumenterast og det skal gjennom ei enkel redigering før det vert avgjort om det skal publiserast eller berre avleverast for framtidig forsking. 
Videoen kjem etter kvart til å bli ferdig. Men den vil vera sperra med passord. Spøsrsmål om passordet må rettast til Bjarte Sindre. 

Bjarte Sindre

lagt inn 12. nov. 2018, 03:14 av Bjørn Enes   [ oppdatert 22. nov. 2018, 04:09 ]

Bjarte Sindre vart intervjua av Bjørn Enes  på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om barndomsopplevingar under krigen og dei tidlege etterkrigsåra. Men me rakk også å fylgja han fram gjennom gymnastid på Firda Landsgymnas og studietid i Oslo fram til han kom attende til Florø som lærar. 
Intervjuet skal no dokumenterast og det skal gjennom ei enkel redigering før det vert avgjort om det skal publiserast eller berre avleverast for framtidig forsking. 
Les meir om Bjarte Sindre i Alkunne  og Wikipedia
Ein fyrsteversjon av videoen vert klar midt i november 2018, men inntil vidare vil han vere sperra med passord. Spørsmål om passordet må rettast til Bjarte Sindre. 

Bjarte Sindre:

Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet. 
Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste 
eller ein serie kortsetningar som beskriv kva Edith fortel om, omlag minutt for minutt. 

Ta kontakt med Bjarte eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette, 
Då får du passordet til videoen. 
Du kan bruka papir og blyant, skriv stikkorda - og send dei til Bjørn.
Det aller beste er om du også skriv kor mange minutt og sekund frå start som kvart tema blir omtalt. 

Sjå f.eks. her for å sjå korleis me brukar å gjere det.  

Svein Kåre Langøy

lagt inn 12. nov. 2018, 02:59 av Bjørn Enes   [ oppdatert 14. nov. 2018, 14:36 ]

Svein vart intervjua på Flora Kystmuseum laurdag 10. nevember 2018.  Samtalen handla i hovudsak om livet på øyane i banrdoms- og ungdomstid, livet til sjøs og arbeidet på oljebasen i Florø. Intervjuet er under arbeid med dokumentasjonen. Når den er ferdig vil avgjerda bli tatt om intervjuet skal offentleggjerast, eller berre avleverast til framtidige forskarar. 

Videoopptak av intervjuet er sperra med passord inntil vidare. Spørsmål om passordet må rettast til Svein Langøy.

Intervjuar var Bjørn Enes.  Om nokon skulle ynskja å hjelpa til med etterarbeidet, så sjå under Dugnad om kva oppgåver det trengst hjelp til! 

Spørsmål om alt anna enn passordet kan rettast til epostadressa flora@memoar.org - post der går både til Flora Historielag og til Memoar.

Svein Kåre Langøy:

Invitasjon til dugnad:

Dette opptaket skal no dokumenterast - det vil seia at det skal lagast eit oversyn over innhaldet. 
Memoar brukar å gjera det ved å laga ei stikkordsliste 
eller ein serie kortsetningar som beskriv kva Edith fortel om, omlag minutt for minutt. 

Ta kontakt med Svein eller bjorn.enes@memoar.no viss du kan tenkja deg å hjelpa til med dette, 

1-4 of 4