Forteljarane‎ > ‎

Bjarte Sindre

lagt inn 12. nov. 2018, 03:14 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. jun. 2019, 05:29 av Siri Linn Brandsøy ]
Bjarte Sindre vart intervjua av Bjørn Enes  på Flora Kystmuseum laurdag 10. november 2018. Intervjuet handla i stor grad om barndomsopplevingar under krigen og dei tidlege etterkrigsåra. Men me rakk også å fylgja han fram gjennom gymnastid på Firda Landsgymnas og studietid i Oslo fram til han kom attende til Florø som lærar. 

Bjarte Sindre:


Stikkord om innhaldet i intervjuet:
(Tala til venstre er tidskodar - timar, minutt og sekund frå start. Lenkene er klikkbare). 



00:00:53  – Den 9. april huska eg spesielt godt (melding om krig på radioen). Familien bestemmer seg for å rømme kystbyen Florø og drar med båt inn til Nordfjord. 

00:02:18  Vi enda då opp i første omgang på Sindre, men flytta deretter ned til Faleide. (Frå Faleide kunne familien sjå korleis Stryn vart bomba av tyske bombefly).

00:03:00 Huset til familien vert rekvirert av tyskarane og overtløytnant Striebrich.

00:04:50 Bjarte besøker overløytnanten Striebrich og etterpå får han streng beskjed av mor si om at han ikkje får lov til å snakke med overløytnanten.


00:07:36 Familien Sindre sine nye nabo er Sundalsbua, der tyskarane hadde ammunisjonslageret sitt.

00:08:00 Kvar gong det var angrep på Florø, og det var det faktisk ein del gonger, så rømte vi frå den leilegheita.

00:08:30 Bjarte fortel ei morosam historie frå krigen om faren sin verkstad  og to muskedundrar. 

00:10:50 Ei litt verre historie om den eine schæferhunden til tyskarane som angreip bror hans.

00:14:48 Vi gjekk jo berre å venta på at krigen skulle slutte. Eg var veldig glad for at vi gjekk på Havrenesskulen for det var ein fantastisk god skule. (Havrenesskulen og samhaldet i Havreneset).

00:16:08 Ein dag i 1944 fortel lærerinna til Bjarte han ein løyndom: russarane har gått inn i Finnmark og frigjeringa har begynt.

00:17:37 Byungane skulle vere mykje betre enn oss som budde i Havreneset. Vi vart kalla for Havregampane og Jeriko-gjengen.

00:19:48 Bjørn (intervjuar) snakkar om løyndommen som Bjarte heldt for seg sjølv så lenge. Dette må ha vore i september 1944. Dette betyr at du gjekk med løyndommen heile den siste krigsvinteren. Bjarte: –  Ja eg, torde ikkje ein gong å fortelje det til far og mor.

00:20:42 Då det nærma seg 9. april henta far hans familien sin radio ned frå sjukehusloftet der alle dei konfiskerte radioane låg. Bjarte: Frå 3-4. april og utover til freden kom så hadde vi ein radio ståande i stua.  

00:21:15 Eg og bror min var stolte då fredsdagen kom. (Landbruket sin radio slutta og virke plasserte brørne deira radio i vindauget for å spreie den gode nyheita).


00:22:26 Eg hugsar at den 13 mars 1945 så blei ein av motstandsmennene våre, ein som heiter Atle Svardal, som vi  visste kjempa mot tyskarane, drepen i Breivika i kamp mot tyske kommandosoldatar.

00:23:22 Bjarte fortel om den illegal avisa som vart gitt ut og trykt av boktrykker Johannessen.  Dei klarte aldri å finne ut kven som hadde gitt ut avisa.

00:25:39 Elles var det nesten kjemisk fritt for nazistar her. Dei eksisterte nesten ikkje i øyane og når vi kom inn på fastlandet så var det nokre yttarst få.

 00:27:09 Bjarte fortel om tre-fire jenter som meldte seg inn i NS. To av dei vart gift tysk. Det var jo ei trist historie etter kvart når du kom til 1945 og korleis dei vart behandla. 

00:28:48 Bjørn: – Hugsar du noko frå dei maidagane om jenter som hadde hatt tyske kjærestar?

00:29:52 Etter frigjeringa vart nazistane internerte i ei brakke i sentrum. Dei vart passa på av Florøgutar med maskingevær.

00:30:23 Bjarte fortel om den fæle hendinga då ein nederlandsk lekter skulle dumpe ammunisjon i Stavfjorden.

00:33:43 Bjørn: – Kva anna arbeid vart dei (fangane) utkommandert til?

00:35:46 Bjørn: – Når fangane gjekk til dei forskjellige oppdraga sine, korleis føregjekk det?

 00:37:00 Heimefronten hadde lite erfaring med våpen og fekk opplæring nede i hagen til Viktoria hotell.

 00:38:50 Bjarte fortel om mineulykka på Sørstrand. 

 00:39:31 – Når krigen var slutt vart desse minene rydda opp igjen. Tyskarane hadde nøyaktige kart over kvar einaste mine.

00:40:25 Ein tyskar fekk nervøst samanbrot og vart skoten og drepen av sine eigne inne på Evja.

 00:41:21 Etter krigen vart tyskarane sine eigendelar og utstyr samla inn  og dumpa i fjorden, og brent på Storåsen trass i at det var ein enorm klesmangel i byen.

00:42:33 Tyskarane sine festningsanlegg og fort på Sørstrand.

00:44:25 Oppe på Storåsen låg det igjen noko tysk materiell som ikkje var blitt brent mellom anna gassmasker og hjelmar. Desse plukka gutane med seg og brukte i eit skodespel på skulen.


 

00:45:14 Bjarte fortel om eit godt minne frå krigen om dei russiske krigsfangane som han hadde blitt ven med. 

00:49:30 Bjarte veit berre om ein russisk krigsfange som døydde i Florø og det var på grunn av difteriepidemien. Då epidemien braut ut rekviderte tyskarane ein fløy på sjukehuset.

 

00:50:55 Bjarte fortel om mat under krigen: sild og poteter og svenskepakkar, svenskesuppe og andre svenske matprodukt.

 

00:54:20  Det var storveis då vi plutseleg fekk mjøl. (Alle visste at mjølet skulle komme med Sendingen og bli levert på kaia der med bakar Trovik. Alle ville ha brød og køa strekte seg frå Trovik og forbi Landbruk).

 

00:56:46   Så kom det jo amerikanske varer i mengder blant anna “Corned Beef”.

 

00:57:15  Så kom det sjokolade og den var rasjonert. Då var det ein gong i månaden vi fekk kjøpe sjokolade.

 

00:58:00  Vi gutane hadde godt med pengar for vi tente godt i sildetida. Eg og to kamerater tente veldig godt på å røyke sild.

 

00:59:25 Sildeventyret etter krigen og innsiga i Hellefjorden.


1:02:48 Bjørn:  Det var vel eit sabla liv på land også då?

Bjarte:   Alle tente pengar, til og med realskuleelevane tente pengar. (Dei lagde eigne lossegjengar).  

1:04:17 Til og begynne med var det berre ein sildeoljefabrikk, men etter kvart kom også den gigantisk sildeoljefabrikken til Sildefiskarenes Fabrikklag og den hadde jo ein enorm kapasitet.

 1:04:51 Bjørn: – Var det spenningar mellom alle dei fastbuande og dei som kom?

1:07:16 Bjarte var med i gutteklubben til Redningsselskapet: Stabben.     Dei lagde til festar for fiskarane med godt program i forsamlingslokalet som heite Breidablikk.

1:09:30 Bjørn: – Med slike tilstander skulle ein skulle tru at alle gutane her berre gjekk og tenkte på å bli sildefiskarar. Men det gjorde ikkje du?

1:11:20 Bjarte gjekk på realskulen. Eg var vende til Havrenesskulen der det var ein voldsom disiplin…På Realskulen hadde vi ein gjeng med skurkar som berre gjekk inn for å lage bråk.

1:13.30: Deretter studerte Bjarte på Firda Gymnas som var kjend for å vere ein eliteskule med mange søkjarar og godt idrettsmiljø.

1:17:35 Bjørn: – Var dei som gjekk der akademikarborn? Bjarte:   Nei, det var dei ikkje. Vi hadde nokre ytterst få prestesøner... Elevane var elevane av folket og spesielt skuleflinke.

1:18:48 Firda hadde også eit rikt kulturliv med teatergruppe og ulike lag, mellom anna Concordia og elevlaget Aurora, og imponerande russerevyar. 

1:20:25 Bjørn: Du sa der var mange søner av fiskarar, men var der døtre og?

1:20:55 Bjarte fortel om eit møte med to jenter frå engelskklassen. – Vi gutane var ikkje så frigjorde som det dei er i dag.            

1:22:25 Elevane frå Firda Gymnas har klart å halde kontakta og har hatt både russetreff, 10 årsjubileum og ulike samlingar.

1:24:03 Etter Firda gjekk Bjarte på Befalskulen for Kystartilleriet.

1:25:38 Deretter begynte han på Filologi-studiet i Oslo. Han hadde eit års vikariat på Sinsen Gymnas og eit lengre vikariat på realfagskulen på Jessheim.

1:28:37 I studietida tente han pengar ved å jobbe på Oslo Skinnauksjoner der det kom oppkjøparar i frå heile verda for å kjøpe skinn frå norske pelsprodusentar.

1:29:57 Han var befal med full lønn under Suezkrisa, og alle pengane han tente då finansierte studietida hans.

1:31:34 Ein Florøgut sitt møte med Oslo. – I Oslo var dei utruleg arrogante. Dei ville ikkje akseptere språket eg hadde og skulle heile tida rette på meg. Eg har aldri funnet meg i sånt.

1:32:53 Når eg var på Sinsen så var det lite av det for der hadde dei eit heilt anna språk enn i sentrum. (Dialekta deira låg nærmare nynorsk enn riksmål og elevane til Bjarte hadde dei beste karakterane i sidemål).

1:34:10 Bjørn: – Så denne spenninga mellom Oslo og periferi gjelder i alle fall mellom Oslo og Florø?

1:37:00 Bjørn: La oss slutte sirkelen, for det tok ikkje lang tid før du kort tilbake til Florø? Bjarte: – Litt tid. (Bjarte fann seg ei kone frå Eid og flytta dit og deretter til Volda).

1:39:20 Rundt 1969 reiser Bjarte tilbake til Florø for å jobbe på det nyoppretta Flora gymnas.

 1:42:20 Utdanningsrevolusjonen og den nye skulen.

 1:45:12 Bjarte førestiller seg korleis framtida vil bli.

1:45:42: Intervju slutt



Comments