Samarbeid

Prosjektidéen "Munnlege Floraminne" tek utgangspunkt i erfaringane med årsskriftet "Floraminne". der dei ulike redaksjonskomiteane har gjort eit stort arbeid kvart år sidan 2001 for å samla og formidla lokalhistoriske forteljingar i skriftleg form. 
"Munnlege Floraminne" skal gjera denne samlinga endå rikare, gjennom å supplera med videoopptak av det som gjerne er kjeldematerialet til dei litterære tekstane som til sist kjem på trykk. For mange vil trykte tekstar føra til at ein har lyst å sjå meir - då kan tilgfang til videoopptak av det originale intervjuet vera til verdfull utdjuping. Andre gonger er forteljaren så god at det reint munnlege blir hovuddokumentet, og den litterære teksten blir  meir som ei tilråding om å gå til videoen. 

Dei som i desse dagar (november 2018) startar drøftinga om eit slikt samarbeid er:
  • Flora Historielag 
  • Flora Kystmuseum  
  • Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie 
I tillegg til frivillige ressurspersonar er det viktig å utvikla eit forhold også til profesjonelle på dette fagfeltet. I utgangspunktet er me heldige og har kontakt med frilans filmskapar Siri Linn Brandsøy. Ho er er master i visuell antropologi frå universitetet i Manchester, og arbeider for tida med filmprosjektet "Det siste brevet" som nettopp dreier seg om lokal historie og kultur i øyriket i Sogn og Fjordane (Solund).  Tanken er at ho skal ha roller både som teknisk medhjelpar, kunstnarisk rettleiar og rådgjevar for dei ulike produksjonane som skal lagast.
Siri Linn Brandsøy i arbeid ute i øyriket. 


Comments